This text will be replacedhttp://beta.bstv.no2/?cat=4&feed=rss2

Bergen viste seg frå si beste side 17. mai. Sola skein og gradestokken viste opp mot 18 grader då hovudprosesjonen starta onsdag føremiddag. Foreningar, lag, organisasjonar og andre festglade menneske hadde stilt seg opp ved Koengen, klar for å vandre gjennom gatene i Bergen. Prosesjonen enda på Festplassen der dagens talar vart holdt frå Vikingskipet.

Fleire tusen tilskuarar 

Fleire tusen hadde stilt seg opp langs gatene for å få med seg dei ulike innslaga prosesjonen hadde å tilby. Bergen Student-TV snakka med nokon av dei som hadde tatt turen til Bergen sentrum.

– Det er morosamt å sjå på alle som går forbi, kunne to unge tilskodarar fortelje.

I tillegg til å sjå på prosesjonen gleda dei seg til å ete is og pølser, og å sjølv kunne gå i tog.

Kreative innslag

Studentorganisasjonane i Bergen var godt representerte i prosesjonen og stilte med mange ulike innslag, banner og heiarop. Mannlege barnehagelærerstudenters forening hadde bygga eigen LEGO-inspirert bil som dei kjørte gjennom gatene med. Då me spurte dei om kva dei skulle ta seg til resten av dagen var svaret klart.

– Me skal drikke kaffe og bygge LEGO, kunne dei LEGO-glade, framtidige barnehagelærarane fortelje.

Kommentarer

Simen Finpå

 Teknisk Sjef

 Telefon: 970 83 478

 E-post: simen.finpa@bstv.no

Stian Instebø

Webansvarlig